Lovteksten
§ 19-5 Tilpassa opplæring og individuell tilrettelegging for vaksne deltakarar.
Deltakarar i den førebuande opplæringa har rett til individuell tilrettelegging etter §§ 11-4 til 11-6 og § 11-13 (personleg assistanse, fysisk tilrettelegging og tekniske hjelpemiddel og individuell tilrettelagt opplæring, samt PPT).
§ 19-6 Opplæring for å utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter i den førebuande opplæringa for vaksne
Deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne som har særlege behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter, har rett til slik opplæring. For denne opplæringa gjeld §§ 11-4 til 11-11 og § 11-!3.
§ 19-7 Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) i opplæringa for vaksne
Deltakarar i opplæringa for vaksne som heilt eller delvis manglar funksjonell tale og treng alternativ og supplerande kommunikasjon, skal få bruke eigna kommunikasjonformer og nødvendige kommunikasjonsmiddel i opplæringa.
Deltakarane har også rett til den opplæringa dei treng for å kunne bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.