Rektor Frøydis Solberg (t.v) og avdelingsleiar Line Sandell er nøgde med eksamensresultata frå Vennesla voksenopplæringssenter.
Odd-Inge Uleberg
_ Det er nok ein kombinasjon av gode lærarar og flinke elevar, men også, trur me, ei mykje betre plattform for opplæring enn før, seier rektor Frøydis Solberg og avdelingsleiar Line Sandell.
Det som tidlegare heitte «grunnskuleopplæring for vaksne» er endra til «førebuande opplæring for vaksne» eller FOV, ei modulbasert plattform tilpassa den einskilde. Frøydis Solberg trur dette har hatt mykje og seie for resultata.
Høgt på tre-tallet
I vår gjekk det ut ein klasse med elevar som har mangla dokumentert grunnskole. Og dei gjekk ut med rekordkarakterar. Snittet for eksamenskarakterane var: Matematikk skriftleg: 3,4, engelsk munnleg: 3,8 og samfunnsfag munnleg: 3,7.
_ Me har aldri hatt liknande resultat for dei som ikkje har dokumentert grunnskole frå før. Elevane er frå Somalia, Kongo, Afghanistan, Syria og Eritrea og fleire har hatt lite skulegang, fortel Line Sandell.
_ Nokre elevar er så unge at dei kan gå vidare rett inn i vanleg vidaregåande skule. Dei andre vil fortsette på modulbasert vidaregåande opplæring for vaksne (VOV) ved Kvadraturen vgs i Kristiansand, seier Sandell og Solberg.
Mange vil jobbe
Alle er så gode i norsk at dei kan rett ut i jobb, om dei vil, og det er det nok ein del som ønskjer. Fleire kjem til å velje mellom dei 15 ulike fagutdanningane som finst for vaksne i fylket. Då er det fire dagar praksis og ein dag skule i veka fram mot fagbrev.
_ Ingen skal lenger måtte lære på nytt det dei kan frå før, men dei skal få begynne på den modulen dei treng. Slik blir vegen til fagbrev kortare for dei vaksne, legg dei til.
Om få år er elevane frå VVO å finne ute i arbeid som røyrleggarar, helsefagarbeidarar, kokkar, innan reinhald eller som barne - og ungdomsarbeidarar.
Den siste klassen innan barne- og ungdomsarbeid ved VVO gjekk i år ut med snittkarakter på 4,8. Det er eit anna svært godt resultat.
Vennesla voksenopplæringssenter er ein skule som er i stadig endring. For nokre år sidan kom det mange flyktningar. Då var det rundt 360 elevar og 40 tilsette ved skulen. No kjem det langt færre. Samstundes er fleire lokale asylmottak lagde ned og fylkeskommunen kjøper færre tenester enn før. Frå hausten er det åtte årsverk og 11 færre tilsette enn i vinter.
_Trass store endringar, greier med å levere resultat som er betre enn nokon gong. Det fortel ganske mykje om kulturen og kvaliteten på skulen vår, seier Frøydis Solberg og Line Sandell.