Den berømte dialekten vår

Det er ikkje berre eit talemål og ein dialekt i Vennesla kommune, men mange. To av dei er teke vare på i bokform - heldigvis.

I Vennesla kommune er me kjende for å ta vare på dialektane våre, sjølv om det er stor skilnad på språkpatriotismen i dei ulike delane av kommunen. Me er stolte når folk som Jorun Stiansen og Kristen Gislefoss talar venndølsk på fjernsyn.

Før i tida hadde kvar grend sitt talemål og ein kunne ikkje berre høyre kva for ei bygd folk budde i, ein kunne også høyre  om dei kom ovanfrå eller nedanfrå i bygda, eller om dei budde på vestsida eller austsida av elva.

No er dialektene i kraftig forandring. Nokre meiner språket blir utvanna når dei ulike talemåla smeltar saman. Dei vil ta vare på.  Andre meiner språket berre er eit verktøy som alltid endrar seg, og dei ser ikkje forandringene som tap.

Lydfiler

Dialekt er ikkje lett å uttrykkje skriftleg. Talemål må me høyre for å skjøne fullt ut. Av den grunn har Vennesla dialekt- og mållag fått Bjarne Nordhagen og Per Inge Førde til å lese inn to tekster på lydfil. Førde les “Å kneipe”, medan Nordhagen les “Å sjeise på nåttgammel is”.

Du kan høyre opptaka her:

Å kneipe (M4A, 935 kB)

Å sjeise på nattgammel is (M4A, 2 MB)

Tre ildsjelar

Uansett korleis det går med talemålet vårt og kva me meiner om det, har me mykje å takke dei tre språklege eldsjelane  Olav Jortveit, Sig Tove Aasen og Oddvar Moen for.

Olav ga i 2010 ut boka "Venneslamålet" medan Sig Tove og Oddvar kom med boka “Hægelandsmålet” i 2023.  Det er to bokverk som formidler mykje kunnskap om talemålene våre. Dei sørger for at ord og uttrykk i alle fall er sikra for ettertida på papir.  Bøkene er to kulturskattar.

Under kan du lese begge bøkene i pdf-format. 

Hægelandsmålet

Hægelandsmålet (PDF, 7 MB)

 

Venneslamålet

Omslag (PDF, 6 MB)
For og baksatsblad (PDF, 2 MB)
Innleiing og innhaldsliste (PDF, 81 kB)
Lydverket (PDF, 188 kB)
Formverket (PDF, 290 kB)
Ordlista (PDF, 3 MB)
Språkprøver (PDF, 2 MB)
Etterord (PDF, 20 kB)
Litteraturliste (PDF, 32 kB)