Forvalting av vilt og jakt

Kollisjon med hjortevilt

 Du som bilist og trafikant skal melde frå til politiet om skada hjortevilt. Det gjer du via politiet sitt nummer 02800

Politiet vil så ta kontakt med dei erfarne jegerane kommunen har avtale med. Kommunen har avtale med spesialiserte og erfarne folk som tek seg av skada hjortevilt (elg, hjort og rådyr) etter kollisjon i trafikken.

Freda dyr som ulv, og gaupe  og så vidare er ikkje noko kommunen har ansvaret for. Det same gjeld husdyr.

Jakttider

Du lyt sjå oppdatert informasjon om jakttider på heimesida til Miljødirektoratet. Dei har ein fin oversikt.

Jakt på elg

Elgjakta i Vennesla kommune følgjer nasjonale jakttider og er får 25. september til 23.desember.

Jakt på bever

Vennesla kommune har opna for jakt på bever. Jakttida er frå 1. oktober til 31. mars. I Vennesla er det ikkje lov å med vårjakt på bever av hensyn til drektige hodyr. Det er ikkje kvoter.

Taksering av elgbeite

Faun naturforvaltning AS laga i 2021 ein rapport om den regionale takseringa av elgbeite i Agder.

Elgbeitetaksering - rapport (PDF, 12 MB)

Kommunale oppgåver

Fellingsløyve og forvaltningsplan

Fet er kommunen som gir fellingsløyve for hjortevilt for godkjente vald.. Det er også kommunen som godkjenner fleirårige førekomstmål  for elg og hjort.

Kommunen har rett til å kontrollere at jaktlag har eigen avtale om godkjend ettersøkshund for hjortevilt.

Alle jaktlag i Vennesla kommune er organisert i vald, også kalla viltlag.

Skal ein felle vilt utanom ordinære jakttider, til dømes på grunn av at viltet gjer skade, må det søkast til kommunen. Søknaden kan du sende som brev. Vi har ikkje skjema for dette.

Jegerprøve

Som regel er det lokale jeger- og fiskeforeininger som arrangerer kurs i jegerprøva. Ansvaret for gjennomføring av jegerprøva sin teoretiske eksamen  er delegera til kommunen. Utgiftane til dette dekker staten.

Har du noe du lurer på om jegerkurs eller jegerpøve-eksamen, kan du ta kontakt med Vennesla kommune sin fagansvarlege for skogbruk. (sjå nederst på sida)

Skade på dyrka mark forårsaka av vilt

Kommunen kan gje løyve til felling av hjortevilt som gjer stor skade på dyrka mark. Ein føresetnad for å få  løyve er at det er gjennomført tiltak for å redusere skadeomfanget på førehand.