Snart blir kommunen flyfotografert

I tida framover vil landmålarar plassere kvite firkantar på bakken rundt om i kommunen. Desse fastmerka er avgjerande for at Kartverket skal kunne ta presise flyfoto. Vi ber om at merkene får stå i fred, og at de tek godt imot landmålarane.

FASTMERKE: Slike signalerte fastmerke vil vere eit vanleg syn no i vår. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell. Ute på eit jorde, for eksempel, blir ei kvit papplate montert på bakken. Signalerte fastmerke er nødvendige når vi tek flyfoto av terrenget. - Klikk for stort bildeFASTMERKE: Slike signalerte fastmerke vil vere eit vanleg syn no i vår. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell. Ute på eit jorde, for eksempel, blir ei kvit papplate montert på bakken. Signalerte fastmerke er nødvendige når vi tek flyfoto av terrenget. Pers oppmåling, Kartverket

Flyfotografering vil gå føre seg over heile kommunen dei komande vekene.

I førebuingane før flyfotografering må landmålarar måle inn fastmerke. Dette er kvite firkantar, anten måla på fast underlag eller plater som er monterte på bakken. Strenge kvalitetskrav gjer at mange eksisterande fastmerke har blitt ubrukande. Det betyr at det no – og dei komande åra – vil kome mange nymåla firkantar rundt om i landet.

Planlagd plassering

Plasseringa av fastmerka er planlagd på førehand, men nokre tilpassingar må gjerast ute i felt.  Alle merka må stå der det er mest føremålstenleg for kartlegginga.

Fakta

Fastmerke

  • Fastmerke er signalerte punkt som er nødvendige når vi tek flyfoto av terrenget.
  • Signaleringa består av kvite firkantar, anten kvitmåla eller som plater monterte på bakken. I utmark er fastmerket ofte ein bolt i fast fjell.
  • Merkene blir målte inn av landmålarar.
  • Nye kvalitetskrav gjer mange eksisterande fastmerke ubrukande. Dette betyr endå fleire nymåla firkantar rundt om i landet i åra framover.
  • Matrikkellova gir lovfesta rett til å plassere signal på privat og offentleg grunn.

– Det er svært viktig at fastmerka får vere i fred. Takk for at du ikkje dekkjer til, flyttar på eller øydelegg dei kvite firkantane. Dette er samfunnets felles ressursar i arbeid. Vi vil alle nyte godt av oppdaterte kart når landmålarane er ferdige og flyfotograferinga er gjennomført, seier Oddny Haugland i Kartverket.

Landmålarar på besøk

Dersom du eig ein veg eller ein annan eigna stad for signalering – som det heiter på fagspråket når det blir sett opp fastmerke for å måle inn flyfoto – kan du få besøk av landmålarar på eigedomen din.

Matrikkellova gir dei rett til å plassere signal på både privat og offentleg grunn. Landmålarane tek omsyn når dei arbeider.

Slik blir fastmerke festa

Landmålarane finn flat og fast grunn, ryddar bort vegetasjon og slår ein spikar ned i underlaget. Spikaren blir signalert, som det heiter på fagspråket, ved å merke han med ein kvit firkant med tydeleg ramme rundt. Deretter måler landmålaren inn fastmerket med utstyret sitt.

Flyet må ha fri sikt til den kvite firkanten for å kunne kartleggje området.

Område som skal flyfotograferast

Kartverket si verksemd innan flyfoto til lands er i hovudsak delt i to aktivitetar. Den eine skjer gjennom Geovekst-samarbeidet. Den andre er den rullerande fotograferinga (omløpsfotografering) som skjer over heile landet.

Noreg i bilete

Vil du sjå huset ditt frå lufta, kan du finne dette på Noreg i bilete. Her kan du òg bla gjennom ulike biletlag som viser flyfoto frå forskjellige tidsepokar.