Målblome for godt dialekt-arbeid

Kari-Ann Gjengaar, 8D og heile Vennesla ungdomskule fekk onsdag målblome og diplom frå Noregs Mållag for at dei jobber så godt med å ta vare på vennesladialekta.

Her kan du sjå Dagsreven- innslaget

Inne på kontoret til Noregs Mållag vart dei kjempeglade då dei så Dagsrevyen 21. september. Der var lærar Kari-Ann Gjengaar frå Vennesla saman med elevane i 8D. Dei fortalde om sitt arbeid for å redde Vennesla-dialekta. Dei avgjorde å sende målblome, altså diplom. Onsdag kom nestleiar i Vennesla dialekt- og mållag og delte ut diplomet.

– Så stas dette var. Eg er oppteken av dialekta vår. Elevane får ei heilt anna interesse for nynorsk og norsk når vi dyrkar dialekt og dialektbruk, seier Kari-Ann Gjengaar.

Ho  kallar det urovekkjande at mange elevar droppar dialektord og bruker ein meir austlandsk talemåte. Vennesladialekten er truga av bymål og image. Det er ikkje like kult å seie «dykken» som før.

– Det er ord som mige, tostelig, uånlig, ryme, tostelig og harli som vi vil halde i live. Ofte kan elevane ordet, men dei bruker det ikkje lenger i daglegtalen, seier ho.

Ho nytta venneslamålet då ho jobba som lærar i Oslo, og ho nyttar det no som ho har flytta heim att. Elevane blir opptekne av kor viktige ord og språk er – og kor stor del av identiteten og personlegdommen dialekta vår er.

– Det er ei stor glede å dele ut denne lille oppmuntringa. Stå på, sa nestleiar i Vennesla dialekt- og mållag, Solveig Robstad, då ho delte ut diplomet.

Det var faktisk skuleskrivaren i Noregs Mållag i Oslo som fekk fart på Vennesla dialekt- og mållag i denne saka. Han såg Gjengaar og elevane hennar på Dagsrevyen – og sende straks ein e-post med oppmoding om å dele ut målblome-diplom.

Her kan du lese saka som NRK lagde om 8D

Elevane var stolte og klappa. Fleire av dei har blitt meir opptekne av språk og ord. Dei seier dei jobbar hardt for å halde på vennesladialekten, og at det er viktig. Men dei merkar òg at dialekten er i stor endring. Særleg bruken av diftongar er på retur. Ein diftong er to vokalar etter kvarandre. Ord som måor blir mor, heim blir hjem, gløyme blir glemme og så vidare.

Ta vare på målet ditt! Slik dei gjer på Vennesla ungdomsskule.