KULTURPRISEN 2025: Den går til Oddvar Moen for hans mangfaldige kulturarbeid og store innsats.
VENNESLA TIDENDE
Prisen var delt ut under den store Kulturkvelden fredag kveld i Kulturhuset - og Moen visste sjølvsagt ingenting på førehand. Det vart ei sterkt augneblink for han få namnet vart lest opp av leiar i Levekårsutvalet, Line Vennesland. Her er utvalet si grunngjeving:
Juryens grunngjeving:
Kanskje ikkje alle i nedre Vennesla kjenner årets mottakar av kulturprisen. Til gjengjeld er mottakaren ein kjend og høgt verdsett person i dei øvre bygdene i kommunen.
Han er fødd i Trøndelag i 1942. Han er utdanna lærar og har arbeidd som det i mange år. Etter å ha blitt enkemann i 1989, møtte han si noverande kone og flytta til hennar heimstad Kile, Hægeland i Vennesla på midten av 1990-talet. I 11 år arbeidde han som lærar ved Iveland skule, der han var spesialpedagogisk koordinator, rådgjevar, sosiallærar og ansvarleg for skulen si elevbedrift.
Han har heile livet vore svært aktiv både politisk og samfunnsengasjert. Den strukturerte arbeidsmåten hans har vore ei styrke for alle han har samarbeidd med. Også i sin nye heimkommune, Vennesla, har han engasjert seg politisk, mellom anna med utforming av Senterpartiet sitt politiske program.
Men det er først og fremst innan frivillig arbeid at den store arbeidskapasiteten hans har sett sterke og djupe spor. Han har vore ein aktiv kulturarbeidar – som medlem, organisator, informasjonsformidlar og skribent.
I Hægeland sogelag har han lagt ned eit enormt arbeid på eit stort og variert område:
- Hægelandskalenderen, som sogelaget har gjeve ut i 33 år, har han vore redaktør for i 13 år (og er det framleis). Han har utvikla kalenderen til noko meir enn ein kalender – den fungerer nesten som eit årsskrift, med bilete og grundige artiklar om historiske og aktuelle tema.
- Boka om Bygdemølla (1918–2018): Han har vore ein del av pionérarbeidet for Hægeland bygdemølle. Andre bygde opp mølla, men han skreiv boka om ho (2018). I tillegg har han sjølv laga ein instruktiv modell som kan visast for publikum.
- Heftet «Grunnlovsjubileet 2014»: Eit tidsbilete av Hægeland i 1814, om arbeid, levevis, uår og matmangel, sjukdom og død.
- Om andre verdskrigen: Han laga eit digitalt, pedagogisk opplegg til skulen i samband med 80-årsjubileet i 2020. Dessverre kunne det ikkje brukast då, grunna pandemien og nedstengde skular. Men det skal takast i bruk no, for å markere både 85-årsjubileet for krigsutbrotet og 80 år sidan freden kom. Moen vil fortelje og vise bilete for elevane på dagen, og halde folkemøte for alle på kvelden.
Kirkens Nødhjelp: Sidan 1996 har han vore ein svært aktiv koordinator, særleg i samband med fasteaksjonane.
Vennesla Dialekt- og Mållag: Han tok initiativ til å starte laget og har vore leiar frå 2006 og fram til i dag. I samarbeid med Sig Tove Aasen har han arbeidd med å synleggjere særtrekk ved hægelandsmålet. Samandraget dei kalla «Hægelandsmålet» set mellom anna søkjelys på ulike sider ved utviklinga av dialekten. I tillegg har han arbeidd med rim, regler og stev med opphav frå Hægeland, Øvrebø og Vennesla – i samarbeid med mållaget og bygdefolk.
Kile bedehus: Heile tida, så lenge han har budd i bygda, har han vore ein drivande kraft og ein verdsett andakt- og foredragshaldar.
Og kven snakkar vi om? Jo, det er sjølvsagt Oddvar Moen. Ein høgt verdsett, dyktig og strukturert person som det finst få av. Levekårsutvalet vil følgje forslaget frå Hægeland sogelag og gje Vennesla kommunes kulturpris til denne allsidige kulturbæraren. Prisen består av ein statuett designa av Gjeruld Johansen og laga i superreint aluminium frå Vigeland Metal Refinery, samt ein gåvesjekk på kr 20 000. Levekårsutvalet gratulerer vinnaren så mykje med prisen!
Willy Jensen ein av dei som får Kulturkrus 2025.
Vennesla Tidende
Vennesla kommunes Kulturkrus for 2025
Det vart også delte ut kulturkrus på kulturkvelden. Her følgjer grunngjeving for alle dei også:
Willy Jensen
Willy er eit kjent andlet for dei fleste i bygda. Han har i ei årrekkje bidrege til Vindbjart Fotballklubb, og han var også frontfigur og vokalist i Vennesla Pizza & Rock ’n Roll Band i mange år. Bandet spelte inn både plate og DVD, og opptrådde på mange festivalar, mellom anna Eikerapen Roots Festival. I fotballklubben har han hatt ansvar for å henge opp drakter, hente vatn og vore ein slags altmoglegmann i over 30 år! Han har også fått heiderstittelen «Verdas beste hjelpetrener» med eigen kontrakt.
Willy er kjend for sine gode, sjølvkomponerte quizzer og er ettertrakta både på firmafestar, julebord og venefestar. Han er ein lagspelar og spelar handball etter prinsippet om at alle skal få ballen før nokon kan skåre. Han er også interessert i jakt, har teke jegerprøven, har vore med på elgjakt i fleire år – og har minst éin elg på samvitet.
Vi gratulerer med Kulturkruset og håpar han vil halde fram med å spreie glede i bygda.
Anders Robstad
Anders overraska stort for nokre år sidan – ikkje berre er han dyktig på trompet og flygelhorn, han syng også fantastisk, som om han aldri skulle gjort noko anna. Konsertar med band i Kulturhuset, eigen julekonsert i kyrkja og deltaking på andre sine konsertar har gjeve mange venndølar stor glede.
I 2024 gav han ut musikk han har skrive sjølv. I mange år har han saman med delar av veterankorpset spelt musikk frå kyrkjetårnet på julaftan. I samband med Julegada vart mange overraska over vakre tonar frå taket på Moseid Bakeri.
Anders planlegg no juleturné i Sør-Noreg i desember saman med fleire andre musikarar. Vi ønskjer lukke til og gjev eit Kulturkrus som ei lita honnør for det fine kulturarbeidet han driv med.
Etter skoletid i Vennesla kyrkje v/ Karl Ove Jeppestøl og Berit Åsan
Prosjektet starta hausten 2022 i den nye kyrkja. Initiativtakarane hadde ein draum om å lage eit tilbod for alle etter skuletid, mellom anna for å motverke utanforskap og einsemd. Etter samtale med skulane landa dei på at tilbodet skulle vere for 5.–7. klasse.
Kvar torsdag frå kl. 14 til 16.30 blir alle inviterte til mat, frukt, spel, leik i gymsalen og tilbod om leksehjelp. Det er ingen andakt eller forkynning, då dette skal vere eit inkluderande tilbod for alle, uansett tru.
Det er med fleire frivillige i tillegg til kyrkja sine folk – mellom anna er fleire ukrainarar involverte. Det har ikkje vore behov for reklame, for tilbodet spreier seg mellom elevane. I snitt er det rundt 70 besøkande kvar torsdag, men dei har vore over 100 enkelte gonger.
For dette strålande tiltaket vil vi gjerne gje eit Kulturkrus.
Kringsjaas Venner v/ Ingvald R. Ingebretsen
Venneforeininga starta våren 2015 som eit resultat av at Agder Energi skulle rydde opp ved Kringsjå kraftstasjon – det første kraftverket på Sørlandet. Mange som hadde tilknyting til Kringsjå ville ta vare på kulturminna.
Gjennom åra har dei gjort omfattande dugnadsarbeid: samla historisk materiale, rydda området, restaurert hustufter, sett opp infotavler og fått på plass både toalett og gapahuk. På denne måten har besøkande fått oppleve det som var att av lokalsamfunnet og industrien som ein gong var her.
Venneforeininga har godt samarbeid med både energiselskapet, Iveland og Vennesla kommune. I dag har foreininga rundt 60 medlemmar, og dei arrangerer mellom anna Kringsjå-dagen første laurdag i juni kvart år, i samarbeid med Setesdalsbanen.
Vi ønskjer lukke til med det vidare arbeidet og gjev eit Kulturkrus.
Eva Tharaldsen
Initiativtakar til Vennesla demensforeining. Foreininga vart stifta i mars 2025 under paraplyen til Nasjonalforeininga for folkehelsa. Denne interesseorganisasjonen gjev ein sosial møteplass, bistår med kurs og bidreg til auka kunnskap om demens.
I dag lever om lag 240 menneske med demensdiagnose i Vennesla, men kommunen anslår at dette vil doble seg innan 2040. Initiativet frå Eva har fått mykje positiv respons frå både pårørande og kommunen.
Eva har tidlegare engasjert seg i frivillig arbeid, mellom anna gjennom Vennesla skulemusikkorps, som besøksvenn og frukostvert på Venneslaheimen. Ho er også nestleiar i pensjonistgruppa i Fagforbundet.
Vi heiar på Eva, som ser eit behov og er villig til å bruke av si fritid. Gratulerer med eit Kulturkrus.
Hunsfos Skateklubb v/ leiar og initiativtakar Stian Renstrøm
Dette er ein organisasjon retta mot skateboard, sparkesykkel, BMX og rulleskøyter – altså rullande aktivitetar. Skateklubben held til i Skateparken på Hunsfos Næringspark, rett under Hunsfospipa.
Etter mange års iherdig arbeid for å snu haldningar til skatere, vart innsatsen krona med siger då Skateparken vart ein realitet i 2024. Mange ungdomar som ikkje finn sin plass andre stader, har her funne ein spennande fritidsaktivitet med trygge vaksne til stades.
Skateklubben har teke eit samfunnsretta initiativ, der også arbeidstrening og sommarjobb for ungdom er ein del av tilbodet. Parken er open fire dagar i veka, og eigne dagar for spesielle grupper. Klubben har no over 130 medlemmar.
Oasen, Moseidmoen og Vennesla barneskular, samt Vennesla ungdomsskule, brukar skateparken på dagtid til faste tider.
Strålande arbeid på så mange plan! Vi gratulerer med eit Kulturkrus.