Klypp hekken!

Visste du at å klyppe hekken er ei lovpålagd oppgåve? Få jobben gjort før skulen tek til torsdag 13. august.

Trygg Trafikk

Etter veglova er det dei som eig eigedomar langs vegane som må sørgje for at hekkar, buskar og tre ikkje hindrar sikta for trafikantar. Dårleg sikt ved kryss og avkøyrsler kan skape farlege situasjonar for både bilistar, syklistar og gåande. 

Trygg Trafikk oppmodar difor innbyggjarane til å ta ein sjekk av vegetasjonen rundt eigedomen sin i sommar, og no byrjer det å haste om du vil ha alt klart til skulestart når mange nye trafikantar er ute på vegane.

Ikkje over ein halvmeter 

Ved avkøyrsler skal hekkar og gjerde ikkje vere høgare enn 50 centimeter. Når du står tre meter inn i avkøyrsla, skal du ha minst 30 meter fri sikt til kvar side langs gang- og sykkelveg. Mot veg med fartsgrense 50 km/t skal det vere fire meter fri sikt inn i avkøyrsla og 45 meter til kvar side. Ved å halde vegetasjonen nede oppfyller du ikkje berre lovkrava. Du bidreg også til eit tryggare trafikkmiljø for alle som ferdast på vegen.Fri sikt er ditt ansvar

Å sørgje for fri sikt er så viktig at det er nedfelt i Vegloven §31 og §43. Det er du som bur attmed vegen som er ansvarleg.

Dette må ein passe på:

  • Du har ansvar for å halde vegetasjon på eigen eigedom borte frå siktsoner langs veg.
  • Vegetasjon ved avkøyrsler skal ikkje vere høgare enn 50 centimeter.
  • Ved gang- og sykkelveg skal du ha minst 30 meter fri sikt til kvar side når du står tre meter inn i avkøyrsla.
  • Ved veg med fartsgrense 50 km/t skal du ha fire meter fri sikt inn i avkøyrsla og 45 meter fri sikt til kvar side.
  • Krava er forankra i veglova §§ 31 og 43.