Flankert av Nomeland Maskins folk på venstre side og vegvesenets folk på høgre side, opna ordførarane Nils Olav Larsen og Morten K. Haraldstad riksveg 9 ved Hornskilen tysdag.– Eg vil kalle vegen ein smykkestein. Han er så flott. Skikkeleg arbeid. Alt frå skjeringar til grøntområda er skikkeleg utført. Det osar kvalitet, men først og fremst er han trygg. Vi er svært glade for denne utbygginga, sa ordførar Nils Olav Larsen.
Saman med kollegaen sin, Morten K. Haraldstad frå Evje og Hornnes, opna han tysdag offisielt vegstrekninga ved Hornskilen på riksveg ni heilt nord i Hægeland, nesten rett på kommunegrensa.
Vegen har kosta 62 millionar kroner å byggje. Det er svært billeg samanlikna med andre vegprosjekt. Prosjektleiar Sigurd Wiberg sa at ein må bruke både to- og tregongen for samanliknbare prosjekt andre stader i landet. Årsaka er god planlegging, og at ein deler opp prosjekta på riksveg 9 slik at små og lokale entreprenørar òg kan vere med i konkurransen. Det er ein marknad med heilt andre prisar enn dei store prosjekta opplever.
Ordførarane saman med prosjektleiar Sigurd Wiberg.Over 120.000 kubikkmeter masse er flytta på. Det har gått med 18.500 arbeidstimar. Over ti prosent er utført av lærlingar.
Sidan 2020 har Statens vegvesen brukt over 1,3 milliardar kroner på å utbetre og modernisere riksveg 9. Avdelingsdirektør Marianne Øhrn i vegvesenet sa at arbeidet vil halde fram. Ho snakka om riksveg 9 som ein særleg viktig veg som skal tene både lokalbefolkninga, næringslivet, turismen og beredskapen.
Mange har stått og venta på raudt lys ved eitt eller anna prosjekt på riksveg 9 dei siste åra. Gevinsten er at heile dalen etter kvart får ein moderne, trygg og mykje betre veg. Gul stripe heilt frå Kristiansand til Hovden er målet – og med kurver og sideterreng som er så trygge som mogleg.
Hornskilen-prosjektet blei gjennomført på litt over eitt år. Nomeland Maskin hadde hovudentreprisen for den kompliserte jobben. Til dømes måtte delar av vegen leggjast ut i eit tjern som er over 20 meter djupt, og djupast inn mot der vegen er. Dermed måtte ein bruke heilt spesielle teknikkar for å fjerne mudder og lausmassar. I sjølve Hornskilen måtte anleggsfolka leggje på lag for lag med masse, og i denne perioden måtte heile riksveg 9 stengjast, og trafikken måtte køyre om Vennesla og Iveland.
– Men vi har fantastiske vegplanleggjarar med oss. Du kan køyre vegen og nesten kjenne korleis bilen klistrar seg til vegbana. Slik er ein moderne veg, sa Wiberg.
Per Einar og Aslaug Ellefsen fekk blomar av ordføraren.Opninga hadde sjølvsagt òg eit kulturelt innslag. Medan ordførarar og vegfolk åt kake, kunne dei lytte til flott folkemusikk frå Einar Leander Dale, Jonas Kjetså Homme og Endre Stulien Robstad i Setesdal Toraderlag. Dei spelte både trekkspel, munnspel og hardingfele.
Den første bilen som passerte etter opninga, blei køyrd av Per Einar Ellingsen. Saman med kona Aslaug var han på veg oppover til hytta. Han fekk ein blomsterbukett og gode ord med på vegen av ordførar Larsen.