LandbruksvegEin landbruksveg omfattar både skogsbilvegar og traktorvegar. Forskrift om bygging og godkjenning av landbruksveger Det er ein eigen forskrift om bygging og godkjenning av veger til føremål for landbruket: Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier hos Lovdata.no.I forskrifta står det mellom anna at bygging av nye vegar til landbruket og ombygging av eksisterande vegar, ikkje må byrje utan godkjenning frå kommunen. Søknad om godkjenningSøknad om godkjenning skal ein sende til kommunen på eige skjema: Søknad om bygging av landbruksveg (Landbruksdirektoratet.no).Søknad kan sendes på epost eller via post.E-post: post@vennesla.kommune.noPost: Vennesla kommune, postboks 25, 4701 Vennesla.InformasjonDu vil også finne mykje god informasjon på skogkurs.no. Publisert 31.08.2023 18:05 Sist endret 17.07.2025 11:55