Stadnamn er viktig kulturhistorie

Stadnamn er viktige fordi dei er unike kulturminne som fortel om lokalhistorie, geografi og busetnad. I linken i botnen av denne sida finn du kart med over 3500 stadnamn i Vennesla og Hægeland.

 I ein periode på vel fem år har ei arbeidsgruppe på fem i Hægeland sogelag halde på med registrering av stader, berg, vatn, bekkar, sagbruk osv i gamle Hægeland kommune. Det er ein uhorveleg stor jobb som er gjort. Eit imponerande arbeid.

Tegistreringa er ein del av eit landsdekkande prosjekt som Språkrådet organiserer og som til no har lege under Universitetet i Oslo. I gamle Hægeland kommune har gruppa registrert ca. 3500 stadnamn .

Også i Vennesla-bygda er det folk i gang med å samle stadnamn. Her er ikkje arbeidet kome like langt som i Hægeland, men også desse namna er med i oversikten nedanfor.

Stadnamn skaper ein sterk identitets- og tilhøyrselfølelse for folk. Dei er òg avgjerande for praktisk bruk, som å identifisere stader klart, og har ei viktig språkhistorisk verdi, sidan dei bevarar eldre ord og uttale. Lov om stadnamn vernar desse namna for å sikre ei forsvarleg forvalting av namnetradisjonane.  Dette er viktig historie og kultur.

HER KAN DU SØKE I KARTET OVER STADNAMN

(det tek litt tid før kartet laster inn)