Stortinget sine hovudoppgåver er å vedta lovene vi skal leve etter i Noreg, avgjere korleis staten skal få inntektene sine og korleis pengane skal fordelast i samfunnet, og å kontrollere regjeringa. På Stortinget sine sider kan du lese meir om kva Stortinget er og kva for nokre oppgåver dei har.
Røysterett ved stortingsval
Røysteretten ved stortingsval er ålmenn, noko som inneber at røysteretten ikkje er innskrenka på bakgrunn av kjønn, religion, etnisitet, eigedomsinnehaving eller andre gruppeinndelingar. Likevel må du oppfylle nokre krav for å kunne røyste ved stortingsval.
Du må
- vere norske statsborgar
- ha fylt 18 år innan utgangen av valåret
- vere, eller nokon gong ha vore, folkeregisterført som busett i Noreg
Samansetjinga av Stortinget
Stortinget består av 169 representantar frå 19 valdistrikt og fordelte på 150 direktemandat og 19 utjamningsmandat. Valdistrikta i Noreg samsvarar med fylkesinndelinga slik ho var før regionreforma.
Fordelinga av mandat mellom valdistrikta blir gjord i forkant av kvart stortingsval og rekna ut på bakgrunn av innbyggjartal og areal i dei 19 valdistrikta.
Ved stortingsvalet 2025 gjeld følgjande fordeling.
Valdistrikt | Antal mandat 2025 |
Østfold | 9 |
Akershus | 20 |
Oslo | 20 |
Hedmark | 7 |
Oppland | 6 |
Buskerud | 8 |
Vestfold | 7 |
Telemark | 6 |
Aust-Agder | 4 |
Vest-Agder | 6 |
Rogaland | 14 |
Hordaland | 16 |
Sogn og Fjordane | 4 |
Møre og Romsdal | 8 |
Sør-Trøndelag | 10 |
Nord-Trøndelag | 5 |
Nordland | 9 |
Troms Romsa | 6 |
Finnmark Finnmárku | 4 |
Sametingsval
Alle samar som er registrerte i valmanntalet til Sametinget, har røysterett.
Sametingsvalet blir halde kvart fjerde år på same dagen som stortingsvalet. Det er 7 valkrinsar som dekkjer heile landet. Kvar valkrins får tildelt mandat etter talet på manntalsførte i krinsen. Til saman blir det valt 39 representantar frå heile landet.
Sametinget er det folkevalde parlamentet for det samiske folket i Noreg og er eit sjølvstendig folkevalt organ
Sametinget er øvste valorgan til sametingsvalet. Meir informasjon om Sametinget og sametingsval finn du på sametinget.no
Kjelde: Valdirektoratet