- Det kjennest godt å ha teke ei avgjerd. Men det er også vondt, fordi valet eg har teke inneber at eg forlet eit vinnarlag som har lært meg mykje og som eg set enormt stor pris på, seier Homme.

Han og familien hadde planlagt å bu i Kristiansand då han kom til Vennesla for tre år sidan. Slik vart det ikkje, og pendling er krevjande over tid. Difor har han sagt ja til tilbodet om bli kommunedirektør i Valle kommune, ei stilling han også har hatt tidlegare.

Homme seier at Vennesla kommune er ein særs god arbeidsplass og han trur ein kanskje må kome utanfrå for å sjå kor godt stelt det er i Vennesla.

- Svein Skisland har saman med resten av administrasjonen og politikarane bygd ein unik kultur over år.  Eg har hatt gleda av å jobbe saman med fantastisk mange flinke og trivelege folk, seier han.

Tidspunktet for skifte av kommunalsjef for samfunn og miljø er slett ikkje ideelt. Aktivitetsnivået er svært høgt for tida og mykje skal falle på plass dette året i Vennesla, ikkje minst skuleutbygging, klimaplan og prosjektet «Den kortreiste bygda».

- Eg  skal sjølvsagt gjere det eg kan for at vi får unna så mykje som råd før eg sluttar, seier Homme.

Rådmann Svein Skisland seier det er særs leit at Homme sluttar, men han har samstundes forståing for avgjerda.

- Vidar Homme har tilført Vennesla kommune mykje dei få åra han har vore her, og eg hadde  inderleg vona at han hadde blitt med oss vidare. Vidar har ei eiga evne til å kombinere det ryddige med framdrift og resultatorientering. Han er ein formidabel leiar på alle vis som Vennesla skulle hatt nytte av lenge, seier Skisland.

Skisland legg også vekt på det særs gode samarbeidet Homme har utvikla med politikarane. Han seier at arbeidet med å finne ny kommunalsjef vil starte temmeleg raskt. Når Homme sluttar, er ikkje avtalt. Han har oppseiingstid fram til 1.mai.

Homme kom til Vennesla frå stilling som banksjef i Valle sparebank. Før det var han rådmann i Valle i fleire år og før det igjen jobba han i energisektoren. Han er utdanna sivilingeniør.