- Det er Oddvar som har jobba mest. Ein flink mann med stort tålmod, seier Sig tove.
Oddvar er einig i at han har samla mange ord og kvalitetssikra så godt som mogeleg er, men han takker fyrst og framst Sig Tove for at ho på 70-talet skreiv hovudoppgåve i norskfaget om Hægelandsmålet.
Den oppgåva er særs spanande og handler om orda som sjølvaste Ivar Aasen samla då han var i Hægeland, og korleis talemålet etterpå endra seg. Det er denne oppgåva boka om Hægelandsmålet bygger på. Oddvar har også tilført mykje nytt. Det er utruleg så godt han kan Hægelandsmålet når ein tenkjer på at han er frå Gauldalen i Trøndelag.
Boka om Hægelandsmålet er på 83 sider. Det er mykje om gramatikken og korleis ein snakker på Hægeland, i tillegg til ordlista med over 30 sidar med lokale ord.
- Mange ord for husdyr og arbeid og levesett er gått i gløymeboka. Det er naturleg sidan med lever heilt andre liv enn dei gjorde før. Men diverre forsvinn også adjektiv og adverd og dei gamle orda me nytta til å fortelje om kvarandre – og det er leit, seier Sig Tove.
- Raten må me ikkje miste
Ta til dømes raten. Eller kavraten. Det ordet må berre ikkje miste, meiner Sig Tove. Ikkje tai heller. Eit artig ord som kan nyttast både positivt og negativt om nokon som aldri gir seg
- Vei du kva «fosstøu – føre» tyder? Det er ein person som seier alt han tenkjer. Ordet kjem av forstove, forstue på bokmål. Nokre har ikkje forstove foran når dei taler. Alt berre tyt ut. Då taler me om ein person uten fosstøu føre, ler Oddvar Moen.
I Hægelandsmålet er det blitt med eigne kapittel om både stavproduksjonen og fløtinga i elva og mykje anna. Mange av desse orda vil mange gamle kjenne att, men dei er på veg ut – og vel så det. På Kile hadde dei til dømes eit heilt arsenal av ord for is på fjorden.
- Då eg var liten sa dei gamle kjøregard om kyrkjegarden og eg trudde dei talte feil. Men kjør kjem av det gamalnorske ordet kyrr – som tyder stille. Olav Kyrre var den stille kongen. Kjørkleiv er den stille kleiva. Kjørrefjord den stille fjorden. Kjøregard tyder rett og slett den stille plassen. Dei talte ikkje feil i Hægeland, dei hang saman med fortida, fortel Sig Tove.
Løpse
Språk er spanande. I Vennesla nyttar dei blaute konsonanter. Det har dei aldri gjort i Hægeland, nord for Frivoll. Grensa skal gå akkurat der. Nord om Frivoll heiter det kake, sørfor kage.På Røyknes er det også blaude konsonanter. I Hægeland seier dei mor, i Vennesla måor.
Eit anna særtrekk er ps som er endra seg til fs. Sig Tove sverger framleis til løpse, sjøl om dei fleste nå seier lefse.
Og så har du tonefallet. Otra er et slags skille mellom østnorsk og vestnorsk. På austnorsk går du opp i slutten av orda, på vestnorsk ned. I mange av bygdene rundt elva går dei verken opp eller ned, me er midt i grensa. Det er ikkje så mange tiår sidan dei eldste i bygdane rull på r,en.
Me bur mitt i mange dialektskiljer i vårt område. Hægeland er både på vest-aust-grensa, men også på kyst,innland-grensa.
Open for innspel
- Få med at boka om Hægelandsmålet ikkje er ferdig. Folk må lese, seie frå om feil, kome med innspeil, levere frå seg nye ord. Eg vonar med kan oppdatere rett som det er, seier Oddvar Moen, som vonar boka blir eit levande dokument.
Han og Sig Tove har utført eit særs viktig kulturarbeid. Språket er jo noko av det viktigaste og næraste me har. På heimesida til kommunen vil Hægelandsmålet få si eiga side, akkurat som Venneslamålet har: