Tilbodet blir oppretta  i håp om å dekkje noko av behovet for framtidig arbeidskraft i distrikta, og studiestadane blir i Lyngdal, Risør/Tvedestrand og Evje.

Frå fyrste februar kan innbyggjarar frå fleire regionar søke om å ta vernepleiarutdanning i nærleiken av sin heimstad. Øvrebø og Hægeland er dei delane av Vennesla som blir omfatta av tilbodet på Evje og i Setesdal-regionen.

Studiet har same kvalitet som på campusutdanninga, men eit distriktsvenleg alternativ skal gjere det enklare å kombinere studiane med jobb eller familieliv.

Kommunalsjef Ragnhild Bendiksen i Vennesla er svært glad for at øvrebygdene i vår kommune får tilbod om desentralisert vernepleierutdanning.

- Det er heilt topp med fleire desentraliserte utdanningstilbod. I framtida vil me mangle folk, og det er flott at du kan ta utdanning medan du arbeider deltid, og utan å flytte på deg, seier ho.

Einingsleiar Helse i Evje og Hornnes kommune, Sigmund Olav Syrtveit applauderer også tilbodet og peiker på at innbyggjarane ofte blir buande i regionen dei høyrer til i.

- Lokale menneske som tek deltidsutdanning i distrikta blir ofte verande i den jobben dei har. Det er bra både for arbeidsgjevarar, tilsette og brukarar, fordi det gjev kontinuitet. Slike desentraliserte utdanningstilbod er blant dei viktigaste tiltaka for å rekruttere folk til jobbar, seier Syrtveit.

Marianne Hovet Steig er studiekoordinator for distriktsvenleg vernepleiarutdanning ved UiA. Ho fortel at forsking peikar på to kjenneteikn på personar med høgare utdanning i distrikta:

- Anten kjem dei frå distrikta eller så kombinerer dei studiane med arbeid i distriktet. Ved å leggje til rette for distriktsvenleg utdanning og praksis i Agder-regionane, vil UiA kunne vere med å bidra til å auke utdanningsnivået, seier ho.

Etterspurd kompetanse

I NAV si bedriftsundersøking frå 2022 blei det estimert ein mangel på 1100 personar i helse og- sosialtenesta i Agder (https://www.nav.no/no/lokalt/agder/statistikk-og-presse/bedriftsundersokelsen-i-agder-2022). Syrtveit og Bendiksen trur behovet for vernepleiarar vil auke i åra framover.

Steig trekk fram dei mange valmoglegheitene som eit godt argument for å bli vernepleiar. Som vernepleiar kan du mellom anna jobbe innan barnevern, psykiatri, skule, rus, heimetenesta, arbeidsinkludering og fengsel, eller med menneskjer som har ei utviklingshemming.

Korleis vil studiet gjennomførast?  

Onsdag 29. mars kl 09:00 kan du delta på eit webinar der du mellom anna får høyra kva som inngår i utdanninga. Sjå Facebook-arrangementet «Webinar: distriktsvennlig vernepleie i Agder og Dalane» for meir informasjon.

Studiekoordinatoren forventar at studentane er aktive og deltakande i si eiga utdanning.  

– Ein fagleg dyktig vernepleiar let seg utfordre på kunnskapar, ferdigheiter og haldningar. Kompetanse utviklar ein ikkje åleine, men saman med medstudentar og faglærarar. Vi forventar difor at studentane førebur seg og er til stades på samlingane, seier ho

Til gjengjeld skal studentane kunne forvente engasjerte og dyktige faglærarar som er opptekne av å formidle fag, og levere utdanning i tråd med studieplanen. Steig seier at dei har fokus på variert undervisning og læringsformer.

Fakta:

  • Vernepleiarutdanning er det tredje utdanningstilbodet ved UiA som har fått eit distriktsvennleg alternativ.
  • I Setesdal må søkarar ha bustadadresse i Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Åseral, eller Iveland for å kunne søke om plass på distriktsvennleg vernepleiarutdanning. I tillegg vil innbyggjarar med postnummer 4720 og 4721 (Hægeland) og 4715 (Øvrebø) kunne søke.
  • Utdanninga er nett- og samlingsbasert. Samlingane vil i år hovudsakeleg gå føre seg på Evje, i Lyngdal, og enten i Tvedestrand eller Risør.
  • Studiet er modulbasert, det vil sei at det er eksamenar etter kvart emne, fordelt utover semesteret.
  • Studentane har tre praksisperiodar i løpet av studietida fordelt på 30 veker. Praksisen er på fulltid og studentane må rekne med å få både dag- og kveldsvakter.
  • Fristen for å søke er 15. april.
  • For meir informasjon om utdanninga, sjå www.uia.no/distriktsvennlig-vernepleie