Kulturhuset

Kulturhuset og bilioteket er verdskjend. Det er bygd i massiv tre, teikna av arkitektfirmaet Helen&Hard og sto ferdig i 2011

Kulturhuset er så mykje meir enn et bygg for oss som bur i Vennesla.  Det er eit symbol og ein overgang til noko nytt.

“Eitt nytt kapittel”  kalte arkitektane huset,. Det skulle vise seg å bli meir sant enn dei hadde sett føre seg.  Den veka Kulturhuset opna, feira Vennesla 150 år som eigen kommune. Og i same veka gjekk Husnfos Fabriker, den 126 år gamle papirfabrikken og hjørnesteinen konkurs.  Alt på ei gong. Det var som om Vennesla skifta hjarte. I sanning Eit nytt kapittel blei skrive!

Trekonstruksjonane er det berande arkitektoniske prinsippet i Vennesla bibliotek og kulturhus. Konstruksjonen minner om ein innvendig kval, der 27 ribber spenner over heile rommet, samstundes som dei tener som bibliotekhyller, sitteplasser og inneheld tekniske føringar. 

Kulturhuset har vunne fleire prisar for god arkitektur. Det blei tildelt Statens byggeskikkpris i 2012.  Det blei også kåra til årets trebyggeri.  Seinare er biblioteket også kåra til eit av verdas fem vakraste bibliotek av Huffington Post. Kvart år kjem det folk frå heile verda for å sjå på huset, ikkje minst bibliotekfolk og arkitektar. 

Kulturhuset inneheld bibliotek, foajee, kino-/forsamlingssal, kontor, kafé og diverse møterom. Lag, foreininger og kommersielle foretak kan leige lokaler i Kulturhuset til arrangement av ulike slag.

Bygget blei altså teikna av Helen & Hard, medan Rambøll prosjekterte. Moelven Limtre leverte dei spektakulære limtrekonstruksjonane i bygget og det er ført opp i generalentreprise av VEF Entreprenør