Anna Asgard frå Agder fylkeskommune, Lillian Raudsandmoen frå Statsforvaltaren i Agder kom til kommunestyret saman med fylkesvaraordførar Bjørn Ropstad  for å fortelfortelje om det spanande som skjer no.

Dei siste par tiårene har dei kutta kort og langt, spylt, reinska og hårva for å bli kvitt graset. Ein heil mengd med ulike metodar er nytta. Sanninga er at krypsiv er ein naturleg grasart i elvene våre, og at det sida 90-talet har vore ei kraftig oppbløming.

Eit eige krypsivfond blei skipa, og her er framleis 14 millionar som kan nyttast. Summen kan auke i samband med revisjonen av Otrakonsesjonane som gjeng føre seg no.

Krypsiv på Sørlandet er ein annan ting. Det er eit samarbeid mellom 14 råka kommunar, fylkeskommunen, dei som har konsesjon i elva og staten. Kommunane løyver 30.000 kvar kvart år, fylkeskommunen 300.000 og staten tre millionar kroner. Kraftkonsesjonærane er inne med 400.000 kroner.

Kvart år kan altså noe meir enn fire millionar nyttast til krypsiv-saka.

Asgard og Raudsandmoen fortalde kommunestyret mykje spanande om arbeidet. Dei jobber no mykje med å finne dei beste metodane for å halde krypsivet i sjakk etter kost/nytte-prinsippet.

Ein av dei beste metodane er å tappe elva ned og la graset fryse inn i isen. Flaumen fjernar mykje når våren kjem. Men dette er ein svært dyr metode og han skaper ikkje minst store problem nedstraums med alt graset som kjem drivande. Dessutan er ein avhengig av kaldt ver lenge. Det går meir og meir i retning av at ein må ha eit system for slåing og vedlikehald i elvene.

Fjerne det heilt, har man gått bort i frå. Krypsivet er ein naturleg art i elvene, og det er meir til bry for menneskene enn for resten av det biologiske mangfaldet.

Tilgroing i vann er faktisk eit internasjonalt problem. Over heile verds aukar tilgroinga, anten vassdraget er regulert eller ikkje.

Framover blir det voldsomt viktig å sikre nok pengar til arbeidet. Heile landsdelen må stå saman om å sikre at løyvingane på statsbudsjettet held fram.

Politikarane i Vennesla var godt nøgde med orienteringa og meiner Krypsiv på Sørlandet er viktig. Heimesida til Krypsiv på Sørlandet.