Homme er i dag banksjef i Valle Sparebank. Han reknar med å byrje i Vennesla like over påske.

Framifrå leiar

Rådmann Svein Skisland seier han er svært glad for å få Homme inn i leiarteamet i Vennesla kommune.

- Han er ein framifrå leiar som ynskjer og får til utvikling, og som er kjend for både fagleg og menneskeleg dyktigheit, seier rådmann Skisland.

Det var 31 søkjarar til stillinga og Skisland noterer at Vennesla kommune er ein svært attraktiv arbeidsgjevar. Han snakkar om ei søkjarliste der han kunne velje frå øvste hylle blant fleire kandidatar som var særs godt kvalifisert.

Homme er sivilingeniør i industriell økonomi frå NTH i Trondheim, han tok eksamen i 1996.

  • Frå 1996 til 2000 jobba han som porteføljeforvaltar i Kristiansand Elektrisitetsverk.
  • Frå 2000 til 2006 var han rådmann i Valle kommune.
  • Frå 2007 og til no har han vore banksjef i Valle Sparebank.

Homme har også vore tenesteleiar for vann og avlaup i Bykle kommune ein kort periode.

Vennesla frista

Vidar H. Homme seier han ikkje var i tvil om jobben som kommunalsjef då stillinga var lyst ledig i oktober.

- Planen var at familien og eg skulle bu eitt år i Kristiansand.  Etter avtale med styret i banken fekk eg høve til å ha lokalkontoret i Kristiansand som fast kontorstad i denne perioden. Å bu i byen har gitt meirsmak, og me har no konkludert med å bli verande ei tid framover. Difor såg eg meg om etter ny jobb no – og det kunne ikkje bli betre enn dette, fortel han.

Homme seier at Vennesla frista spesielt. Han meiner kommunen er inne i svært spennande vekst og nemner spesielt dei store planane på Støleheia og Hunsøya. Han kjende at han hadde lyst til å tilbake til leiarstilling i offentleg sektor.

- Både som rådmann og banksjef har eg vore med på mykje spennande utvikling. Dei tolv åra i banken har vore fantastiske, men no var tida inne for andre oppgåver. Å leie utviklingsarbeidet i Vennesla kommune er ei stor og flott utfordring, seier Homme.

Han skal fortsatt bu i Kristiansand. Han er gift og har fire born i alderen 19 til 11 år.

Sæther Konsmo til påske

Aslak Wegge gjekk av som kommunalsjef  31. desember.

Rådgjevar i utviklingsavdelinga, Ingrid Sæther Konsmo, vil fungere i stillinga som kommunalsjef fram til Homme overtek.