- Eg har hatt ei travel tid i Valle Sparebank heilt til denne veka. Eg låste kontoret seint tysdag kveld. No er eg meir enn klar til å ta fatt i Vennesla, seier Homme, som altså kjem frå stilling som banksjef. Han har også vore rådmann i Valle frå år 2000 og nokre år frametter.

Han vert kommunalsjef for samfunnsutvikling, ei oppgave Aslak Wegge hadde fram til han slutta for å bli stiftsdirektør hjå biskopen.

- Eg har ikkje noko stor programerklæring. Vennesla er ein stor kommune med ein stor kommuneorganisasjon. Den fyrste tida vil eg lytte og vurdere og bli kjend. Eg vil heller vente med meiningane til eg har skikkleg grunnlag for å seie noko, seier Homme.

Som leiar av seksjon for samfunnsutvikling er det følgjande einingar som ligger under Homme sitt ansvar: Kultur, park og idrett, plan og utbygging, byggforvaltning og teknisk forvaltning.

Tysdagen vart nytta til møter med rådmann Svein Skisland. Saman dro dei også på helserunde på Herredshuset.

- Eg gler meg til å bli kjend med alle på Herredshuset, men ikkje minst bli betre kjend med kommunen. Eg treng eit par turer rundt for å bli kjend både med geografien og historien, seier Homme som bur på Gimlekollen med kone og born.